4.4. Strø HSV

4.4.1. Oversyn

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøyStrø HSV

Dette filteret lager støy i det aktive laget eller i den aktive narkeringa ved å bruke av fargemodellen HSV.

4.4.2. Innstillingar

Figur 15.66. Innstillingane for filteret “Strø HSV

Innstillingane for filteret Strø HSV

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Hald

Denne glidebrytaren styrer kor stor del av den opphavlege fargen som skal haldast igjen uforandra. Ein låg verdi vil føre til store fargeforandringar, medan ein høg verdi gir mindre endringar. Skalaen går frå 1 til 8.

Kulør

Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit tilgjengeleg fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den originale pikselfargen. Skalaen går frå 0 til 255.

Metning

Denne glidebrytaren aukar metninga på dei strødde pikslane.

Verdi

Denne glidebrytaren aukar lysverdien på dei strødde pikslane.