5.5. Sobelrelieff

5.5.1. Oversyn

Figur 15.80. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Sobelrelieff


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKonturSobelrelieff

Dette filteret lager eit relieffliknande bilete ved å teikne dei horisontale og vertikale kantane kvar for seg. Fargebilete blir omforma til RGB-bilete, dersom dei ikkje er det frå før. Som med Laplace-filteret, blir resultatet eit bilete med tynne strekar og noen fargerestar her og der.

5.5.2. Innstillingar

Figur 15.81. Innstillingane for filteret “Sobelrelieff

Innstillingane for filteret Sobelrelieff

Horisontal/Vertikal

Verknaden av filteret er avhengig av kva retning det arbeider. Ved å krysse av i ein av boksane, eller begge, kan du bestemma om filteret skal teikna horisontale eller vertikale kantar.

Behald resultatforteiknet

Denne innstillinga gjeld bare dersom du har kryssa av for ei retning, og gir då eit relieffliknande bilete.