13.16. Kuledesigner

13.16.1. Oversyn

Figur 15.282. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Kuledesigner


Dette filteret blir brukt til å teikne ei tredimensjonal kule med ulike teksturar. Filteret skriv over originalbiletet.

13.16.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarKuledesigner

13.16.3. Innstillingar

Figur 15.283. Innstillingane for filteret “Kuledesigner

Innstillingane for filteret Kuledesigner

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Ikkje alle endringane blir oppdaterte automatisk. Du må då klikke på knappen Oppdater førehandsvisinga for å sjå resultatet av endringane.

Tekstur

Denne lista viser teksturar som du har lagt inn for å bruke på kula. Teksturane blir brukte i den rekkefølgja dei har i lista. Kvart innslag viser teksturnamn og teksturtype.

Ny

Lager ein ny tekstur og legg denne nedst i lista. Namnet på den nye teksturen er avhengig av innstillingane du har sett i tekstureigenskapane, og vil forandre seg etter som du forandrar eigenskapane dersom teksturen er markert.

Kopiér

Kopierer den markerte teksturen og legg kopien nedst i lista.

Slett

Sletter den markerte teksturen frå lista.

Opna/Lagra

Gir deg høve til å lagra dei aktive innstillingane og henta dei fram igjen seinare.

Tekstureigenskapar
Type

Bestemmer kva type overflate som skal brukast på kula.

  • Tekstur dekker kula med eit bestemt mønster.

  • Buler gir litt relieffverknad til teksturen.

  • Lys er lyset som skin på kula.

Tekstur

Bestemmer mønsteret som skal brukast av teksturtypen. Dersom teksturen er sett til Lys, vil lyset bli påverka av dette mønsteret på same måten som lyset skulle gått gjennom teksturen før det traff kula. Dersom type er sett til tekstur vil mønsteret bli avsett på kuleoverflata. Følgjande val er tilgjengelege: “Einsfarga”, “Sjakkbrett”, “Marmor”, “Firfisle”, “Phong”, “Støy”, “Tre”, “Spiral” og “Punkt”.

Fargar

Set dei to fargane som blir brukte i teksturen. Klikk på fargeboksane for å opna for fargeveljaren.

Skalering

Her bestemmer du kor stort kvart element i mønsteret skal vere. For eksempel vil denne kontrollen bestemme kor store rutene skal vere i “Sjakkbrett”.

Turbulens

Styrer kor mykje teksturen skal forvrengast. Verdiane går frå 0 til 10. Med verdiar mindre enn 1,0 er det framleis mogleg å få ut eit uforstyrra mønster. Over denne verdien blir mønsteret gradvis tilført meir støy.

Mengde

Bestemmer kor sterk påverknaden teksturen skal ha på det ferdige resultatet. Verdiane går frå 0, inga endring, til 1,0.

Eksp.

Styrer relativ styrkefordeling mellom fargane.

Nullstill

Set alle parametra tilbake til normalverdiane.