3.3. Opna tidlegare brukte filer

Dersom du tidlegare har opna eit bilete i GIMP, kan du gjenopna det med menyvalet FilSist opna filer. Det vil då dukka opp ei liste over dei bileta du har opna tidlegare, med ein miniatyr ved sida av namnet. Du kan nå klikka på eit bilete for å opna det igjen. Er lista lang, vil dei eldste bileta bli pressa ut av lista.