I GIMP kan du omforma utvala i eit bilete til bane, og omvendt. Du kan finne nærare informasjon om korleis dette går føre seg i Seksjon 1, “ Utval ”.
Når du omformer eit utval til ein bane, vil banen følgje dei “marsjerande maura”. Sidan utvalet er todimensjonalt medan banen er eindimensjonal, er det uråd å gjere denne omforminga utan å missa ein del informasjon. Såleis vil all informasjon om delvis markerte område (t.d. mjuke kantar) forsvinna. Når ein bane blir ført tilbake til eit utval, vil dette resultera i eit alt-eller-ingenting-utval, på same måten som når du vel “Gjer skarpare” i menyen .