I tillegg til det noe fastlåste rutenettet, har du i GIMP også eigne hjelpelinjer (bm.: “innrettingslinjer”). Dette er vertikale og horisontale hjelpelinjer som du aktiviserer ved å klikke på ein av linjalane og dra linja inn i biletet. Du kan lage så mange hjelpelinjer som du ønskjer, og du kan plassera dei kvar som helst i biletet. Du kan også flytte ei hjelpelinje etter at du har laga ho, men då må du anten aktivere flytteverktøyet i hovudverktøykassa eller trykke M-tasten. Held du nede Shift-tasten kan du flytta alt utanom hjelpelinjene. Du fjernar ei hjelpelinje ved å dra ho utføre biletkanten.
Som med rutenettet, kan du også låse objekt til hjelpelinjene. Bruk
→ i biletmenyen. Har du så mange hjelpelinjer at det blir vanskeleg å finjustera biletet, kan du gøyme hjelpelinjene ved å avmarkera → i biletmenyen. Du bør gjere hjelpelinjene synlege att så snart du kan, elles er det lett å bli forvirra neste gong du prøver å lage ei hjelpelinje og ikkje ser noe i det heile.Dersom du meiner det normalt er enklare å arbeida utan synlege hjelpelinjer, kan du slå dei av permanent ved å avmarkera “Vis hjelpelinjer” i Biletvindauge i hovudmenyen. Kanskje ikkje særleg lurt å gjere dette (sjå ovanfor), men det er altså mogleg.
Notat | |
---|---|
Anna bruk av hjelpelinjer: Programtillegget Guillotine kan bruke hjelpelinjene for å dele opp eit bilete i fleire mindre bilete. |
Notat | |
---|---|
Dersom du ønskjer å legge inn eit fast rutenett på biletet kan du prøve programtillegget “Grid”. |