4. Tekst og teikn

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2540 $ 2006-09-04 KoSt

Figur 8.33. Eksempel på bruk av tekstelement

Eksempel på bruk av tekstelement

Tekst med synlege kantar rundt tekstlaget. (Skrifttype: Utopia Bold)


Ei av dei store forbetringane som kom med GIMP 2.0 er handteringa av tekst. Frå GIMP 2.0 og utover blir kvar tekst lagt i eit eige tekstlag slik at du kan kome tilbake seinare for å redigera det du har skrive. Du kan også flytte rundt på teksten, forandra storleik, skrifttype eller oppfylle andre typografiske innfall du måtte få.

Du kan gjere det same med eit tekstlag som du kan gjere med andre lag, men mister i noen tilfelle høvet til å kunna redigera vidare på teksten.

Figur 8.34. Tekstbehandlaren

Tekstbehandlaren

For å forstå noe av det særeigne med tekstbehandlinga, kan det vere til litt hjelp å hugsa på at tekstlaget inneheld meir informasjon enn bare det du kan sjå. Laget inneheld også ei utgåve av teksten i eit format som kan høve til redigering. Dette blir synleg i redigeringsvindauget som dukkar opp når du bruker tekstverktøyet. Kvar gong du gjer endringar i teksten, blir tekstlaget teikna om for å vise endringane dine.

Dersom du gjer endringar i tekstlaget med andre verktøy enn tekstbehandlaren, for eksempel at du roterer laget, vil desse endringane forsvinna dersom du redigerer teksten igjen. Difor dukkar det opp ei åtvaring om dette dersom det er aktuelt slik at du kan velja anten å redigere teksten likevel, eller å la det vere. Dessutan får du tilbod om å lage eit nytt tekstlag for den nye teksten.

Figur 8.35. Åtvaring om tap av endringar

Åtvaring om tap av endringar