6.10. Lim inn i

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2007-02-09 KoSt

Kommandoen Lim inn i liknar nokså mykje på Lim inn. Den viktigaste skilnaden er at dersom det finst eit utval i biletet, vil Lim inn bruke dette for å sentrera det innlimte området, medan Lim inn i bruker det gjeldande utvalet som yttergrenser for det innlimte partiet. Du kan flytte rundt på det innlimte laget som vanleg, men bare den delen som er innføre det gjeldande utvalet er synleg.

Dersom det ikkje finst noe utvald område i biletet, vil “Lim inn i” plassere utklippet sentrert i biletet på same måten som kommandoen “Lim inn” gjer det.

6.10.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerLim inn i.