5.11. Tilbakestill

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2405 $ 2007-02-08 KoSt

Kommandoen Tilbakestill (Bm.: Forkast) laster inn biletet på nytt frå harddisken. Dermed blir biletet tilbakestilt til slik det var siste gongen du lagra det. Dvs. dersom fila i mellomtida ikkje er forandra eller fjerna av andre enn GIMP.

[Advarsel] Advarsel

Når GIMP tilbakestiller eit bilete blir det eksisterande biletet lukka og eit nytt bilete opna. Difor kan du ikkje angre denne handlinga. Også angreloggen blir borte. GIMP prøver å få deg til å tenke deg om ved å spøre om du verkeleg vil tilbakestilla biletet.

5.11.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilTilbakestill