9.25. Innstillingar for rutenettet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2310 $ 2007-02-20 KoSt

Kommandoen innstillingar for rutenettet blir brukt for å bestemma utsjånaden for rutenettet du kan legge over biletet for å gjere tilpassingane meir nøyaktige. Du kan velje farge for nettet, avstanden mellom linjene og forskyving i høve til biletet. Endeleg kan du også velje mellom fem ulike rutemønster.

9.25.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BileteInnstillingar for rutenettet.

9.25.2. Beskriving av dialogen “Innstillingar for rutenettet

Figur 15.89. Beskriving av dialogen “Innstillingar for rutenettet

Beskriving av dialogen Innstillingar for rutenettet

Utsjånad

Du bruker dette dialogvindauget for å bestemma utsjånaden på det rutenettet som kjem fram når du aktiverer rutenettet.

Linjestil
Kryss (prikkar)

Dette er den minst iaugnefallande stilen, med ein liten prikk i kvart krysningspunkt.

Kryss (trådkors)

Dette er normalstilen, og syner eit lite kryss i kvart av krysningspunkta.

Stipla

Denne stilen viser stipla linjer. Dersom desse linjene er svært nære kvarandre, kan rutenettet bli vanskeleg å bruke.

Dobbeltstipla

Denne stilen viser stipla linjer der fargen på linjene vekslar mellom forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen annakvar gong.

Heiltrukke

Denne stilen viser heiltrukne linjer i forgrunnsfargen.

For- og bakgrunnsfarge

Klikk på fargeruta for å velje farge for rutenettet.

Mellomrom

Breidde og høgde

Du bestemmer her cellestorleiken for nettet, dvs. avstanden mellom linjene, i den måleeininga du ønskjer.

Forskyving

Breidde og høgde

Du bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i forhold til biletet. Koordinata har, som vanleg, utgangspunkt i øvre, venstre hjørne (0,0).