9.2. Dupliser

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2281 $ 2008-01-02 KoSt

Kommandoen dupliser biletet lagar eit nytt bilete som er ein nøyaktig kopi av originalen, både med omsyn til lag, kanalar og banar. GIMP si utklippstavle og angreloggen blir ikkje berørt.

9.2.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BileteDupliser

  • eller med snarvegen Ctrl+D.