9.21. Ny hjelpelinje

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2310 $ 2007-02-20 KoSt

Kommandoen Ny hjelpelinje legg ei ny hjelpelinje i biletet. Du kan finne meir om hjelpelinjer i ordlista under Hjelpelinjer.

[Tips] Tips

Du kan legge til hjelpelinjer mykje raskare, om enn ikkje fullt så nøyaktig, ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar.

9.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BileteHjelpelinjerNy hjelpelinje.

9.21.2.

Figur 15.87. Beskriving av dialogen “Ny hjelpelinje

Beskriving av dialogen Ny hjelpelinje

Retning

Når du klikkar på Ny hjelpelinje kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemme Retning og Posisjon, i pikslar, for den nye hjelpelinja meir nøyaktig enn du kan ved å dra linja ut i biletet med musepeikaren. Retninga kan vere Horisontal eller Vertikal.

Posisjon

Du kan også bestemme Posisjonen til den nye hjelpelinja. Utgangspunktet er øvre, venstre hjørne.