Versjon 0.54 blei frigitt i februar 1996, og hadde god støtte i at det var det første profesjonelle, frie biletbehandlingsprogrammet som kunne konkurrere med dei store kommersielle programma.
Versjon 0.54 var ei betautgåve, men var så stabil at det kunne nyttast i det daglege arbeidet. Det hadde likevel ein stor ulempe. Delar av GIMP, så som glidebrytarane, menyane, dialogvindauga osv, var bygde på “Motif”, som var kommersielt og dermed ikkje heilt i samsvar med hovudideen bak “Linux” om at all programvare skulle vere fritt tilgjengeleg for alle. Dessutan var mange av utviklarane studentar som køyrde Linux, med lite råd og mindre lyst til å kjøpe Motif.
Då 0.60 blei sleppt laus i juli 1996, hadde S og P (Spencer og Peter) arbeidd med programmet i fire månader. Det viktigaste i denne endringa var dei nye verktøysetta GTK (GIMP ToolKit) og GDK (Gimp Drawing Kit) som gjorde GIMP uavhengig av Motif. For den grafiske artisten var GIMP full av nye bruksområde: grunnleggjande biletlag, forbetra teikneverktøy, betre sprøytepistol osv.
Verson 0.60 var tenkt brukt til vidareutvikling, og var ikkje meint til utstrakt bruk som teikneprogram. Det fungerte helst som ei arbeidsplattform for 0.99, og den endelege 1.00 versjonen, slik at nye funksjonar og andre utvidingar kunne bli utprøvde og bli fjerna eller forbetra alt etter som. Vi kan sjå på versjonen 0.60 som alfaversjonen av 0.99.
I februar 1997 kom versjon 0.99 på scenen. Saman med mange andre hadde S og P nå lagt inn fleire endringar og lagt til fleire nye bruksområde. Hovudskilnaden var den nye API og PDB som gjorde det mogleg å lage skript. Script-Fu (ei form for makroar) automatiserte ting som før måtte gjerast med hand. GTK/GDK var også blitt forandra, og fekk namnet GTK+. I tillegg brukte 0.99 ei ny form for filbasert minnehandtering som gjer det mogleg å laste inn store bilete. (Det er ikkje noe problem å laste inn 100MB bilete i GIMP). Versjon 0.99 introduserte også GIMP sitt eit eige filformat XCF.
Den nye API-en gjorde det lett å skrive programutvidingar og programtillegg (plug-ins) for GIMP. Det blei utvikla mange nye programsnuttar som gjorde GIMP mykje betre. (T.d. SANE som gjorde det mogleg å skanne direkte inn i GIMP).
Sommaren 1997 hadde GIMP nådd versjon 0.99.10. S og P var ferdige med studiane sine og hadde fått jobb, og hadde difor ikkje tid til å støtte arbeidet med GIMP. Dei andre som arbeidde med GIMP heldt fram under leiing av Federico Mena.
GTK+ blei skild ut frå GIMP i september 1997. GTK+ synte seg å vere eit framifrå verktøysett, og andre programmerarar hadde tatt det i bruk for å bygge eigne program.
Bruksområda til GIMP blei fastfrose i oktober 1997. Dette betydde at ingen nye bruksområde skulle leggjast til i kjernebiblioteket eller programmet elles. GUM versjon 0.5 blei frigitt tidleg i oktober same året. Arbeidet med å gjere GIMP stabil og klar for versjon 1.0 heldt fram.