10.4. Forankre laget

Dersom du har eit flytande utval i biletet, vil dette bli vist i lagstabelen som eit “flytande lag” eller eit “flytande utval”. Så lenge dette flytande utvalet finst, kan du bare arbeidet på dette utvalet. Skal du arbeide på dei andre andre laga i biletet, må du først forankre det flytande laget til laget under. Dersom det ikkje er eit flytande utval i biletet, er denne kommandoen inaktiv.

[Notat] Notat

Dersom det er eit flytande utval i biletet, vil musemarkøren vise eit anker når han er utanfor utvalet. Du kan då venstreklikka for å forankre utvalet til laget under.

Du kan også klikke på kommandoen Nytt lag i lagdialogen for å opprette eit nytt lag av det flytande utvalet. Sjå meir om dette under Seksjon 10.2, “ Nytt lag.

10.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagForankre laget eller frå menyen som dukkar opp når du høgreklikkar i biletet.

  • eller med snarvegtastane Ctrl+H.