10.31. Snitt med utvalet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2489 $ 2008-03-23 kost

Kommandoen Snitt med utvalet omgjer lagmaska i det aktive laget til eit utval som så blir blanda saman med det utvalet som finst frå før til eit nytt utval. Kvite område i lagmaska blir til utvalde område og svarte område blir ikkje utvalde. Grå område blir til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska blir ikkje forandra.

10.31.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskerSnitt med utvalet

10.31.2. Eksempel på bruk av “Snitt med utvalet

Figur 15.118. Eksempel på bruk av “Snitt med utvalet

Eksempel på bruk av Snitt med utvalet

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med startverdien “Alfakanalen for laget”, og til høgre etter at det er oppretta eit snitt av dei to laga. Utvalet med ugjennomsiktige pikslar i det aktive laget er det som var felles for det opphavlege utvalet og maska.