10.10. Vel laget over

Kommandoen Vel laget over gjer laget ovanfor det aktive laget til det aktive laget. Dette blir vist i lagdialogen ved at markeringa som viser aktivt lag flytter eitt hakk opp. Dersom det aktive laget er øvst, vil denne kommandoen vere deaktivert.

[Notat] Notat

På det vanlege Windowstastaturet refererer snartasten Page Up til denne tasten i den lille gruppa på seks tastar til venstre for taltastaturet. Vil du heller bruke taltastaturet, må du deaktivere med tasten Num Lock.

[Tips] Tips

Tastesnarvegane for Vel laget over og Vel laget under kan vere svært nyttige dersom du ofte bruker fargehentaren til å hente fargar frå eitt lag til bruk på eit anna lag. Med dei fleste verktøya får du fram fargehentaren ved å halde nede Ctrl-tasten.

10.10.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagStabelVel laget over,

  • med snarvegen Page_Up

  • med tasten Pil opp

  • eller ved å klikke på lagnamnet i lagdialogen.