10.50. Sett laggrensene

I GIMP treng eit lag ikkje ha same formatet og storleiken som biletet det høyrer til. Kommandoen Sett laggrensene opnar eit dialogvindauge der du kan bestemme grensene, eller storleiken om du vil, for det aktive laget. Kommandoen skalerer ikkje laget, slik at deler som fell utanfor grensene blir borte.

10.50.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagSett laggrensene

10.50.2. Beskriving av dialogen “Sett laggrensene

Figur 15.130. Dialogen “Storleik på laggrense

Dialogen Storleik på laggrense

Lagstorleik
Breidde, høgde

Når dialogen blir opna, finn du dimensjonane for laget i desse boksane. Du kan skrive inn nye verdiar etter behov. Dersom boksane er lenka saman, dvs. at lenkesymbolet er ubrote, vil forholdet mellom breidde og høgde bli det same som før. Dersom du bryt lenka ved å klikke på symbolet, kan du skrive individuelle verdiar i dei to boksane.

Dersom du ønskjer ei anna måleeining enn pikslar, bruker du nedtrekksmenyen.

X- og Y-forskyving

Normalt blir laget plassert i det øvre, venstre hjørnet av biletet. Dette kan du forskyve dersom det er behov for det. Tala du skriv inn er koordinata for det øvre, venstre hjørnet for laget i høve til biletet. Normalt blir avstanden målt i pikslar, men dette kan du forandre til andre måleeiningar dersom du ønskjer. Trykker du på knappen Sentrer blir laget plassert i midten av biletet.