3.2. Modulhandteraren

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2491 $ 2008-03-23 KoSt

Modulhandteraren viser kva for utvidingsmodular som er tilgjengelege. Om du ønskjer det, kan du ha ein viss kontroll med kva for modular som skal lastast ned. Modulane styrer funksjonar som t.d. å velje fargar eller vise filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vil bli aktiverte neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP. (Til vanleg har du ikkje bruk for å forandra desse innstillingane).

3.2.1. Aktivering

  • Du får tilgang til undermenyen frå menylinja i verktøykassa via UtvidingarModulhandteraren

3.2.2. Dialogen for “Modulhandteraren

Figur 15.11. Dialogvindauget for “Modulhandteraren

Dialogvindauget for Modulhandteraren

Modulliste

Rullevindauget i modulbehandlaren viser alle lastbare modular.

Autolast

Du kan klikke i rutene for å markere eller avmarkere modulane. Alle dei markerte modulane vil bli lasta inn automatisk neste gong du opnar GIMP.

Du vil ikkje oppdaga skilnaden før du prøver å ta modulane i bruk. Det er for eksempel mange fargeveljarar for å velje forgrunnsfarge eller bakgrunnsfarge. Noen av desse er modular som bare er tilgjengelege når dei er aktiverte i modulhandteraren:

Figur 15.12. Eksempel på autolast: Modular for fargeveljing

Eksempel på autolast: Modular for fargeveljing

Fargeveljarmodulane er lasta inn

Eksempel på autolast: Modular for fargeveljing

Fargeveljarmodulane er ikkje lasta inn


Opplysningar om den valde modulen blir vist nedst i dialogvindauget for dei modulane som blir lasta inn automatisk.

Moduladresse

Denne kolonna viser fullstendig katalogstig for kvar modul.

Knappar

Spørring

Denne knappen er bare synleg når den aktuelle modulen ikkje er lasta inn automatisk. Når du klikkar på knappen, blir det vist informasjon om modulen nedst i dialogvindauget og knappeteksten blir forandra til Last.

Last; Tøm

Sidan det ikkje er råd å laste eller fjerne modular på ein tilfredsstillande måte manuelt, er desse knappane overflødige og vil bli fjerna. (I noen utgåver er dei alt fjerna).

Oppfrisk

Klikk på denne for å oppdatere lista over modulane. Modular som er fjerna frå harddisken vil bli fjerna, medan nye modular som måtte bli fundne blir lagt til.