6.18. Strek opp bane

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2529 $ 2007-02-09 KoSt

Kommandoen Strek opp bane teiknar ein strek langs ein bane. Du kan anten teikne denne streken direkte, eller du kan velje å gjere dette med eit av teikneverktøya. I tillegg kan du velje mellom fleire utsjånader for streken.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er bare aktivert når det er ein bane i biletet.

6.18.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerStrek opp bane

  • Du kan også aktivere kommandoen ved å trykke på knappen med det same namnet i banedialogen.

6.18.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 15.40. Dialogvindauget “Vel strøkstil

Dialogvindauget Vel strøkstil

Dialogen Vel strøkstil gir deg høve til å velje mellom å streke opp banen med dei innstillingane du spesifiserer eller å streke han opp med eitt av teikneverktøya. Dersom du vel eit teikneverktøy, vil innstillingane for dette bli brukte.

Strek opp linje

Streken blir teikna med gjeldande forgrunnsfarge slik han er sett i verktøykassa. Ved å klikke på teiknet framføre Strekstil kan du utvida dialogvindauget og få tilgang til fleire ulike innstillingar:

Strekbreidde

Her kan du bestemma kor brei streken skal vere. Normalt blir denne oppgitt i pikslar, men du kan også velje andre måleeiningar i rullefeltet.

Linjestil

Denne nedtrekkslista opnar for ein del nye innstillingar:

  • Endestil: Her bestemmer du korleis avslutninga på opne banar skal sjå ut. Du kan velje mellom Butt, Rund og Kvadrat.

  • Koplingsstil : Her bestemmer du korleis hjørna skal sjå ut. Du kan velje mellom Fuge, Rund eller Skrå.

  • Fugegrense : Når to segment av ein bane blir “fuga” saman, blir overlappinga bestemt av fugegrensa. Med breie strekar utan fuging, vil samankoplinga bli skjemd av endar som stikk ut. Fugegrensa bestemmer korleis det opne gapet i samankoplinga skal fyllast ut. Du kan setje verdien mellom 0,0 og 100,0 ved hjelp av glidebrytaren, ved hjelp av rullefeltet eller ved å skriva i tekstboksen.

    Figur 15.41. Eksempel på fugeutfylling

    Eksempel på fugeutfylling

    Venstre: Grense=0. Høgre: Grense=5.


  • Strekmønster : Her blir strekmønsteret vist på pikselnivå som ein serie med små boksar. Dei svarte boksane representerer den delen av streken som har farge. Du kan forandra utsjånaden til streken ved å klikka på desse boksane. Klikkar du på ein svart boks, blir han kvit. Dette indikerer at streken ikkje blir teikna. Klikkar du på ein kvit boks, blir han svart. Dei grå områda viser korleis streken vil bli repetert når prikkelinja blir teikna.

  • Definerte strekar : I nedtrekksboksen kan du velje mellom ein heil del ferdigdefinerte strekmønster. Mønsteret blir vist i Strekmønster for å gi deg ein ide om korleis det ser ut.

  • Kantutjamning : Kurva strekar og strekar som blir teikna på skrå, blir lett nokså taggete. (Sjå biletet ovanfor). Kantutjamninga glattar ut streken.

Strek opp med eit teikneverktøy
Teikneverktøy

Her kan du velje kva teikneverktøy du vil bruke. Når du bruker eit teikneverktøy, blir dette brukt med dei innstillingane det har i verktøykassa.