7.11. Krymp

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2492 $ 2007-02-12 KoSt

Kommandoen Krymp gjer utvalet mindre ved å flytte kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda blir bestemt i dialogvindauget. Eventuelle mjuke kantar blir bevarte, men kan bli noe forandra ved hjørne og skarpe kurver.

7.11.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VelKrymp.

7.11.2. Dialogen “krymp

Figur 15.47. Beskriving av dialogen “krymp

Beskriving av dialogen krymp

Krymp utvalet

Her kan du skrive inn kor mykje utvalet skal reduserast. Normalt blir dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Krymp frå biletkanten

Denne innstillinga kjem bare til nytt når utvalet ligg heilt ute i biletkanten. Dersom denne kommandoen er aktivert, vil krympinga føre utvalet bort frå biletkanten. I motsett fall blir utvalet verande i biletkanten.