6.4. Måleverktøyet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-04 kost

Figur 13.152. Symbolet for måleverktøyet i verktøykassa

Symbolet for måleverktøyet i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt når du har behov for å finne pikselavstandar og vinklar på biletet ditt. Dersom du held nede venstre museknappen og deretter flytter markøren, kan du lesa av avstand og vinkel mellom der du klikka og der peikaren er nå. Informasjonen blir vist på statuslinja nedst i biletvindauget, eller i informasjonsvindauget.

Når du har sleppt opp museknappen, kan du føre peikaren over eit av endepunkta og deretter halde nede knappen for å flytte punktet til ein ny posisjon og ta nye målingar. Markøren viser “flytt”-symbolet når det er over endepunktet.

6.4.1. Statuslinja

Informasjonane blir viste på statuslinja, nedst i biletvindauget. Det første talet viser avstanden mellom utgangspunktet og musepeikaren. Som oftast blir denne målt i pikslar. Det neste talet viser vinkelen i kvar kvadrant frå 0° til 90°.

6.4.2. Aktivering

  • Du kan få fram dette verktøyet ved å gå inn i biletmenyen på VerktøyMåling

  • eller frå verktøykassa ved å klikke på symbolet

6.4.3. Valtastane (førehandsvalde)

Shift

Hald nede Shift-tasten når du ønskjer å byrje ei ny måling frå der musepeikaren er nå, utan å fjerne den føregåande målinga. Sidan vinkelen nå blir målt frå den føregåande linja og ikkje frå horisontallinja er denne metoden nyttig for å måle vinklar i biletet.

Ctrl

Ved å halde nede Ctrl-tasten medan du utførar målingane, blir verktøyet avgrensa til å måle rette linjer i vinklar som er multiplar av 15º, dvs. 0º, 15º, 30º osv.

Dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei horisontal hjelpelinje gjennom klikkpunktet. Musepeikaren skifter til symbolet .

Alt

Dersom du held nede Alt-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei vertikal hjelpelinje gjennom klikkpunktet. Symbolet på musepeikaren skifter til

Ctrl + Alt

Når desse tastane blir haldne nede samstundes, kan du klikke på ei målelinje for å flytte målinga, inklusive start- og sluttpunktet.

Held du nede tastekombinasjonen Ctrl + Alt medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei horisontal og ei vertikal hjelpelinje gjennom klikkpunktet.

6.4.4. Verktøyinnstillingane

Figur 13.153. Innstillingane for “måleverktøyet

Innstillingane for måleverktøyet

Oversyn

Du får fram den eine verktøyinnstillinga ved å (dobbelt)klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.

Å bruke infovindauget

Dersom denne er aktivisert, vil detaljane om målinga bli vist i eit eige infovindauge i tillegg til på statuslinja nedst i biletvindauget.

6.4.5. Å måle flater

Det er ikkje råd å måle flater direkte med dette verktøyet. I staden kan du prøve verktøyet histogram, som mellom anna viser kor mange pikslar det er i utvalet.