Dette verktøyet omformar det aktive laget eller det aktive utvalet til eit svart/kvit-bilete ved at alle pikslane innføre det valde terskelområdet blir kvite og alle utanfor området blir svarte.
Verktøyet blir helst brukt til å forbetra bilete i rein svart/kvit, for eksempel skanna tekst, eller for å lage utvalsmasker.
Notat | |
---|---|
Sidan dette verktøyet lager eit verkeleg svart/kvit-bilete, vil alle former for kantutjamning forsvinna. Dersom dette er eit problem, bruk heller nivåverktøyet. |
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
frå biletmenyen via
→ ,frå biletmenyen via
→ →eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).
Dialogen inneheld eit histogram som viser fordelinga av intensitetsverdiane i det aktive laget eller det aktive utvalet. Du kan setje terskelområdet anten ved å bruke innskrivingsboksane, ved å flytte på dei små trekantane eller ved å dra musepeikaren over diagrammet medan du held nede museknappen. På denne måten kan du velje ut deler av biletet. Pikslar som fell innføre terskelområdet blir sett til kvit, dei andre til svart. Ved å prøve deg fram, kan du gjere utvalde deler av biletet kvitt med svart bakgrunn.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK .
I dei tilfella der eit element i biletet skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen, kan det ofte vere praktisk å bruke terskelverktøyet for å velje ut dette elementet. I [GROKKING01] blir det vist ein metode basert på kanalmaske, men metoden som er forklart nedanfor, basert på snarmaska er enklare.
Det første du gjer er å separere biletet i dei einskilde RGB- eller HSV-komponentane. Du vil då få fram eit gråskalabilete der dei ulike komponentane blir viste som lag i lagdialogen. Plukk ut det laget som best isolerer objektet. Dersom det er vanskeleg å sjå dette på miniatyrane i lagdialogen, kan du leike litt med “augesymbola” i lagmaska og studere kvart lag for seg i biletvindauget.
Hent fram terskelverktøyet frå det separerte biletet. Flytt rundt på markørane (dei små trekantane) og finn det området som best isolerer objektet du vil trekke ut av biletet. Resultatet blir kanskje ikkje perfekt, men vi skal forbetra det seinare ved hjelp av ei utvalsmaske.
Advarsel | |
---|---|
Ver sikker på at du har aktivert det rette laget når du kaller opp terskelverktøyet. Du kan ikkje bytte biletlag etter at verktøyet er opna. |
Forsikra deg om at det rette biletvindauget og det rette laget er aktivt og kopier laget til utklippstavla med snartastane Ctrl + C.
Aktiver originalbiletet. Klikk på knappen snarmaska”. Dobbeltklikk på miniatyren, eller høgreklikk og vel frå menyen som dukkar opp. I dialogvindauget som kjem fram, klikkar du på fargeruta og vel høveleg farge. Gå tilbake til originalbiletet og trykk Ctrl + V for å lime det tidlegare kopierte laget inn i biletet.
i nedre, venstre hjørne av biletvindauget. Biletet blir dekka av ei raud, gjennomsiktig maske. Sidan biletet vårt inneheld mykje raudt, passar denne maskefargen heller dårleg. Gå til kanaldialogen og aktiver kanalen for “Voilà. Utvalsmaska er klar til bruk, eller du kan forbetra ho litegrann med vanlege metodar om du ikkje er heilt nøgd. Når alt er klart, koplar du frå snarmaska ved å trykke på snarmaskeknappen. Det nye utvalet blir vist av dei flittige “marsjerande maura”.
Vi forstørra biletet for å kunne arbeide på pikselnivå og brukte lassoen for å fjerna større uønska område. Vidare brukte vi blyanten (for å få harde overgangar) og teikna med svart på område som skulle fjernast og kvitt på område som skulle leggast til. Dette var særleg aktuelt på stilken.