Når du har bruk for at personen på biletet ser den andre vegen, eller at
toppen av biletet skal vere botnen, då spegelvender du biletet. Dette
får du til ved å høgreklikka på biletflata og følgje menyen
i verktøykassa.
Ved hjelp av APOD biletet [APOD07] kunne eg her demonstrere alle utgåvene av spegelvending, men du hadde gått lei lenge før eg var ferdig. Studer heller biletet over.
Verktøyet er her brukt i normalinnstillinga som spegelvender biletet horisontalt, dvs. rundt ein loddrett akse. Dersom du held nede Ctrl-tasten eller vel Vertikal i verktøyinnstillinga, vil biletet bli spegelvendt vertikalt, dvs. rundt ein vassrett akse. Studer eksempla nedanfor.
Figur 3.33. Eksempel på spegelvending
Originalbiletet
Horisontal spegelvending
Vertikal spegelvending
Horisontal og vertikal spegelvending