4. Å bruke snarmaske

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2547 $ 2006-09-10 KoSt
  1. Opna eit bilete eller begynn på eit nytt

  2. Aktiver snarmaska ved å klikke på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vil maska bli avgrensa av dette utvalet.

  3. Vel eitt av teiknereiskapa og mal med svart der du ønskjer å fjerna eit område og med kvitt for å legge til eit område. Bruk gråfarge for å markera eit område delvis.

    Du kan også lage eit utval med eitt av utvalsverktøya og fylle dette med svart, kvitt eller grått med fyllverktøyet. Dette øydelegg ikkje snarmaskemarkeringane.

  4. Slå snarmaska av og på ved å bruke Snarmaskeknappen i nedre, venstre hjørnet i biletvindauget.