8.6. Full skjerm

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2273 $ 2007-02-14 KoSt

Kommandoen Full skjerm blir brukt for skifte mellom å vise biletet på heile skjermen og i normal storleik. I fullskjermmodus vil biletvindauget ta opp heile skjermen, men biletet blir uforandra. Dersom menylinja forsvinn, kan du høgreklikke på biletet for å få fram menyen. Du kan bestemma ein del verdiar for fullskjermvisinga i dialogen innstillingar.

[Notat] Notat

Dersom du bruker GIMP på ein Apple Macintosh maskin, kan det hende at kommandoen “Full skjerm” ikkje verkar. Dette fordi Apple ikkje har dei nødvendige funksjonane for dette. I staden kan du maksimere biletvindauget ved å trykke på knappen Green Button.

8.6.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisFull skjerm.

  • med snarvegen F11

  • eller ved å dobbeltklikka på den øvre ramma i biletvindauget.