8.9. Vis utvalsgrensene

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2336 $ 2007-02-15 KoSt

Kommandoen Vis utvalsgrensene slår av og på prikkelinja som viser yttergrensene for eit utval i biletvindauget. Hugs at utvalet er der, sjølv om omrisset ikkje er synleg.

Du kan forandre normalvisinga for utvala i dialogvindauget Innstillingar for biletvindauget i brukarinnstillingane.

8.9.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisVis utvalsgrensene.

  • eller med snarvegen Ctrl+T.