9.2. Teikneserie

9.2.1. Oversyn

Figur 16.156. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Teikneserie


Dette filteret forandrar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om ei teikning laga med filtpenn i ein teikneserie. Dette blir gjort ved at pikslar som er tydeleg mørkare enn dei omkringliggande pikslane blir gjort endå mørkare. Lyse område i biletet blir ikkje forandra.

9.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskTeikneserie

9.2.3. Innstillingar

Figur 16.157. Innstillingane for filteret “Teikneserie

Innstillingane for filteret Teikneserie

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner på eit lite utsnitt av biletet endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Maskeradius

Denne glidebrytaren bestemmer kor stort virkefelt filteret skal ha, dvs. kor brei filtpennen skal vere. Små tal gir smal penn og meir detaljar i biletet, medan store tal gir lite detaljar og ein brei strek.

Svartandel (%)

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje svart farge som skal tilføyast i biletet. Låge verdiar gir mjuke overgangar mellom farga område og svart. Dei svarte strekane blir tynnare og mindre synlege. Høge verdiar gjer strekane breiare, mørkare og skarpare. Som oftast får du det beste resultatet ved å velje ein verdi omtrent midt på skalaen.