11.7. CML-utforskar

11.7.1. Oversyn

Figur 16.254. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret “CML-utforskar” brukt med normalinnstillingane


Dette filteret er kongen blandt teksturfiltra. Det er svært effektivt, men diverre også svært komplekst. “CML” står for det engelsk “Coupled-Map Lattice” (“samankopla avbildingsgitter”). Den matematisk metoden som ligg til grunn for filteret blir kalla “Cellular Automaton” (fleirtal: “Cellular Automata”). For å lære meir om denne matematikken, kan du prøve eit søk i Wikipedia.

11.7.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterCML-utforskar

11.7.3. Innstillingar

Generelle innstillingar

Figur 16.255. Innstillingane for filteret “CML-utforskar” (Kulør)

Innstillingane for filteret CML-utforskar (Kulør)

Dei ulike filterinnstillingane er fordelte mellom fanane Kulør,Metning, Verdi, Utvida, Andre og Ymse instillingar. Desse innstillingane vil bli forklarte etter kvart.

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Nytt frø, Fast frø, Tilfeldig frø

Mange av funksjonane i filteretet er baserte på tilfeldige tal. I matematikken finst det faktisk ingen metodar for å laga heilt tilfeldige talrekker på. “Tilfeldige tal” er alltid eit resultat av diverse matematiske formlar. Desse formlane har alltid eit tal som utgangspunkt. Dette er “frøet”. Når du klikkar på knappen Nytt frø, vil slumpgeneratoren byrje på ein heilt ny sekvens med eit nytt frø. Resultatet kjem fram i førehandsvisinga. Knappen Fast frø gjer at generatoren bruker det same startfrøet heile tida, og dermed lager det same mønsteret kvar gong. Eit trykk på knappen Tilfeldig frø vil generere eit nytt, tilfeldig frø.

Opna, Lagra

Med desse kommandoane kan du lagra innstillingane for eit mønster og hente det fram att seinare.

Fanen “Kulør

I denne fanen set du innstillingane for kulør ut frå fargemodellen HSV som dette filteret arbeider i.

Funksjonstype

Dette er ei nedtrekksliste med ulike metodar for behandling av det aktive laget:

  • Behald biletverdiane: Verdiane for kulør blir uendra.

  • Behald første verdien: Startfargen vil vere cyanblå (den første fargen i HSV-modellen).

  • Fyll med parameter k, k{x(1-x)}^p, k{x(1-x)}^p stegvis, kx^p, kx^p stegvis, k(1-x^p), k(1-x^p) stegvis: Mønsteret er avhengig av verdiane for k og p. (Desse verdiane bestemmer du med dei repektive glidebrytarane nedanfor).

  • Deltafunksjon, Deltafunksjon stegvis: Veit noen kva denne gjer?

  • sin^p-basert funksjon, sin^p stegvis: Desse funksjonane lager bølgjande mønster noe liknande nordlys eller gardinfolder.

Komposisjon

Dette er ulike formlar som styrer korleis kuløren skal byggast opp. Du kan velje mellom:

Ingen, Max(x, -), Max(x+d, -), Max(x-d, -), Min(x, -), Min(x+d, -), Min(x-d, -), Max(x+d, -), (x < 0,5), Max(x+d, -), (0,5 < x), Max(x-d, -), (x < 0,5), Max(x-d, -), (0,5 < x), Min(x+d, -), (x < 0,5), Min(x+d, -), (0,5 < x), Min(x-d, -), (x < 0,5) eller Min(x-d, -), (0,5 < x).

For å beskriva kva alle desse formlane gjer, trengst det ei eiga bok. Det er enklare å prøve dei ut på eige hand.

Ymse oppstillingar

Du kan her velje mellom følgjande:

Standard, Bruk gjennomsnittsverdi, Bruk omvendte verdiar, Med tilfeldig eksponent (0,10), Med tilfeldig eksponent (0,1), Med gradert eksponent (0,1), Multipl. tilfeldig verdi (0,1), Multipl. tilfeldig verdi (0,2), Multipl. fargeovergang (0,1) eller Med p og tilfeldig tal (0,1).

Også i dette tilfellet vil det vere nødvendig med ei eiga bok for å beskriva alle desse funksjonane. Prøv deg fram i staden.

Bruk sykliske område

Beskriving manglar.

Endringsgrad

Denne glidebrytaren styrer kor mykje filteret skal påverka biletet. Låge verdiar gir linjeformer medan høgare verdiar gir eit avrunda mønster.

Omgivnadsfølsemd

Her bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1,0 kor mykje omgivnadane skal påverka resultatet.

Diffusjonsavstand

Kor langt skal fargane spreie seg. I praksis: Du påverkar retning og storleik for mønsteret.

Talet på underområde

Du kan her, på ein skala frå 1 til 10 bestemma kor komplekst mønsteret skal bli.

Eksponentfaktor (p)

Talet her er p som blir brukt i noen av formlane i Funksjonstype. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.

Parameter k

Talet her er k som blir brukt i noen av formlane i Funksjonstype. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.

Nedre grense

Set den lågaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.

Øvre grense

Set den høgaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.

Vis innstillingane grafisk

Klikkar du på denne knappen, kjem det opp eit vindauge som viser funksjonsgrafen for dei aktuelle kulørinnstillingane.

Figur 16.256. Funksjonsgraf for innstillingane

Funksjonsgraf for innstillingane

Fanen “Metning

Figur 16.257. Innstillingane for fanen “Metning” i filteret “CML-utforskar

Innstillingane for fanen Metning i filteret CML-utforskar

I denne fanen finn du ein del kontrollar som styrer korleis metningsdelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.

Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fanen Kulør. Sjå ovanfor.

Fanen “Verdi

Figur 16.258. Innstillingane for fanen “Verdi” i filteret “CML-utforskar

Innstillingane for fanen Verdi i filteret CML-utforskar

I denne fanen finn du ein del kontrollar som styrer korleis verdidelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.

Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fanen Kulør. Sjå ovanfor.

Fanen “Utvida

Figur 16.259. Innstillingane for fanen “Utvida” i filteret “CML-utforskar

Innstillingane for fanen Utvida i filteret CML-utforskar

Innstillingane i denne fanen gjeld for alle tre HSV-kanalane.

Kanalfølsemd

(Må skrivast)

Mutasjonsrate

(Må skrivast)

Mutasjonsavstand

(Må skrivast)

Fanen “Andre

Figur 16.260. Innstillingane for fanen “Andre” i filteret “CML-utforskar

Innstillingane for fanen Andre i filteret CML-utforskar

I denne fanen finn du ein del innstillingar som gjeld førehandsvisinga og startverdiar for slumpgeneratoren.

Startverdi

(Må skrivast)

Zoomfaktor

(Må skrivast)

Startforskyving

(Må skrivast)

Startfrø

(Må skrivast)

Fanen “Ymse innstillingar

Figur 16.261. Innstillingane for fanen “Ymse innstillingar” i filteret “CML-utforskar

Innstillingane for fanen Ymse innstillingar i filteret CML-utforskar

I denne fanen kan du kopiere innstillingar frå ein kanal til ein annan, og bestemme opningsinnstillingane.

Kopier innstillingar

Her kan du kopiere innstillingane frå ein kanal (kulør, metning og verdi) til ein annan kanal.

Selektive opningsinnstillingar

Når du trykker knappen Opna, kan du hente inn tidlegare lagra innstillingar. Dersom du ikkje ønskjer å laste ned alle innstillingane, kan du spesifisera ein kjelde- og ein målkanal her.