Filteret fargelegg biletet med ein vald farge i ulike sjatteringar. Effekten kan likna den du får når du ser biletet gjennom farga glas. Filteret verkar bare på bilete i RGB-modus.
Du kan her velje farge og bestemma metninga og lysverdien for denne.
Ved hjelp av glidebrytaren kan du hente ein bestemt farge frå fargesirkelen. Skalaen går frå 0 til 360.
Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemma metninga, altså fargestyrken på ein relativ skala frå 0 til 100.
Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemma kor lys eller mørk fargen skal vere på ein relativ skala frå -100 (mørk) til 100 (lys).