Figur 15.158. Eksempel på bruk av kommandoen
Originalbiletet (Separert RGB)
Etter bruk av kommandoen “kombiner”
Denne kommandoen set saman eit bilete frå gråskalabilete som t.d. kan vere dei einskilde komponentane (RGB, HSV osv.) laga ved hjelp av kommandoen Separer.
Her bestemmer du kva fargemodell som skal brukast. Du finn nærare forklaringar på neste side under kommandoen separer.
Her bestemmer du kva kanal som skal bli påverka i kvar biletkanal. For å bytte for eksempel fargekanalane:
Figur 15.160. Eksempel på kanalrepresentasjon: bytt to kanalar
Originalbiletet
Separert til lag
Lagt til representasjon
Samansett bilete
Maskeverdi: I staden for å velje eit lag eller eit bilete som kjelde for kanalen, kan du gi kanalen ein verdi frå 0 til 255. Likevel må minst ein av kanalane bli laga ut frå eit lag eller eit bilete.