Dette filteret etterliknar ei form for gravering ved at biletet blir teikna ved hjelp av svarte, vassrette strekar der breidda på strekane blir bestemt ut frå dei opphavlege pikselverdiane. Mørke område gir ein brei strek, medan lyse område blir markert med ein tynnare strek. Effekten kan minne om slik ein finn i eldre bokillustrasjonar.
Notat | |
---|---|
Fileteret verkar bare på flytande utval og lag med alfakanal. Du kan legge til alfakanal dersom denne manglar. |
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Dette er høgda, frå 2 til 16, på graveringslinjene.
Dersom denne er aktivert, vil det ikkje bli teikna tynne linjer der det er samanhengande fargeområde. Sjå eksemplet nedanfor.