7.3. Linserefleks

7.3.1. Oversyn

Figur 16.76. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Linserefleks


Dette filteret imiterer “solrefleksar” i linsa. Som oftast er dette nokså uønska, men kan altså ein gong i blandt gi ein spesiell effekt til biletet. Du kan plassere refleksen på biletet ved å klikke med musepeikaren på førehandsvisinga eller ved å skrive inn koordinata for refleksen. Filteret er enkelt og raskt i bruk, men er ikkje så omfattande som filteret Gradientrefleks.

7.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLinserefleks

7.3.3. Innstillingar

Figur 16.77. Innstillingane for filteret “Linserefleks

Innstillingane for filteret Linserefleks

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykke på knappen OK.

Sentrum for refleksen

Her kan du skrive inn koordinata for refleksen. Som vanleg er startpunktet (0,0) i øvre, venstre hjørne.

Vis posisjon

Når denne er markert, blir sentrum for filtereffekten markert med eit trådkors. Du kan flytte rundt på trådkorset med musepeikaren på vanleg måte for å markere sentrum for refleksen.

[Tips] Tips

Du kan flytte den kryssforma musemarkøren rundt over førehandsvisinga og klikke der du ønskjer refleksen skal vere. Dette er uavhengig av kva val du har gjort for Vis posisjonen.