2.3. Gaussisk sløring

2.3.1. Oversyn

Figur 16.9. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Original

Verknaden av filteret

Verknad av filteret “Gaussisk sløring


Dette filteret verkar på kvar piksel i det aktive laget eller det aktive utvalet ved at pikselen blir sett til ein gjennomsnittsverdi av alle dei omkringliggande pikslane. Kor mange pikslar som skal vere med i utrekningane blir bestemt av radius sett i dialogen. Dess høgare verdi, dess meir sløring. Dersom du bryt lenka sett i dialogvindauget mellom horisontal og vertikal, kan du setje radius for desse uavhengig av kvarandre. GIMP bruker to ulike metodar for utrekningane, “IIR G.B.” og “RLE G.B.”. Resultatet blir det same, men på noen bilete er den eine raskast, på andre er den andre raskast.

2.3.2. Å opne filteret

Du opnar filteret frå biletmenyen via FilterSløringGaussisk sløring

2.3.3. Innstillingar

Figur 16.10. Innstillingane for filteret “Gaussisk sløring

Innstillingane for filteret Gaussisk sløring

Sløringsradius

Her bestemmer du mengda av sløring. Dess høgare tal dess meir sløring. Du kan også bryte lenka og setje ulik sløring for vassrett og loddrett. Vil du bruke andre einingar enn piksel, bruker du nedtrekkslista.

Sløringsmetode

IIR: (“Infinite Impulse Response”). Denne metoden verkar som oftast best for høge radiusverdiar og for bilete som ikkje er laga med datamaskin, dvs. fotografi.

RLE: (“Run Length Encoding”). Denne metoden er som oftast best for bilete som er laga med datamaskin eller bilete som inneheld store område med konstant intensitet, dvs. teikningar.