7.11. Glasfliser

7.11.1. Oversyn

Figur 16.102. Eksempel på bruk av filteret “glasfliser

Eksempel på bruk av filteret glasfliser

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret glasfliser

Etter bruk av filteret “Glasfliser


Dette filteret gjer at det ser ut som det aktive laget eller utvalet blir sett gjennom ein vegg bygd av glasblokker.

7.11.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeGlasfliser

7.11.3. Innstillingar

Figur 16.103. Innstillingane for filteret “Glasfliser

Innstillingane for filteret Glasfliser

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Parametra

  • Flisbreidde: Bestemmer flisbreidda (10-50 pikslar).

  • Flishøgde: Bestemmer flishøgda (10-50 pikslar).