14.2. Biletkart

På Internett kan du ofte sjå bilete som du kan klikka på for å oppnå ein eller annan effekt. Den mest vanlege er å legge inn lenker til andre nettside. Med dette “filteret” er det nokså enkelt å legge inn slike “kjenslevare” område i eit bilete. Mange av redigeringsprogramma for å lage nettsider har denne funksjonen innebygd, men skulle han mangle, kan du altså bruke GIMP. Ei lita åtvaring: Mottakaren kan kople ut bilete og såleis unngå skaparverket ditt. Legg difor inn dei same lenkene også frå tekstplass på sida di.

14.2.1. Oversyn

Dette programmet blir brukt til å lage faste, avgrensa område på biletet og definera desse områda som klikkområde, dvs. område som du kan klikka på for å hoppe vidare til andre stader i nettverket. Det er også råd å definere andre handlingar kopla til desse biletområda. Filteret generer dei tilhøyrande HTML-kodene som du kan kopiere inn på høveleg stad i nettsida di.

Programmet er eigentleg nokså komplekst. I dette kapitlet har vi difor avgrensa oss til bare å omtale dei vanlegaste bruksområda for filteret. Du kan finne meir utførleg omtale på nettsida “Grokking the GIMP” på [GROKKING02].

14.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterNettsiderBiletkart

Når du opnar filteret kan vindauget vere nokså lite, noe avhengig av storleiken på biletet du opnar filteret frå. Du kan forstørra visinga ved å klikke på symbola i øvre, høgre hjørne eller ved å dra ut sidene på vanleg måte. Hovudområda er:

  • menylinja

  • verktøymenyen,

  • arbeidsområdet med teikneflata og loddrett verktøymeny,

  • utvalsområdet, også dette med ein liten verktøymeny.

14.2.3. Innstillingar

Figur 16.295. Innstillingane for filteret “biletkart

Innstillingane for filteret biletkart

Vindauget for biletkartfilteret


14.2.3.1. Menylinja

Menylinja likna mykje på menylinja i biletmenyen, men med noen få unntak:

Fil
Lagra, lagra som

Legg merke til at i motsetnad til dei andre filtra, blir resultatet av dette filteret lagra i tekstformat som tekstfil.

[Tips] Tips

Du kan sjå innhaldet i tekstfila ved å bruke kommandoen VisKjelde.

Opna; Tidlegare opna

Du kan opna tidlegare lagra tekstfiler. Områda du har definert blir lagt oppå det biletet som er i bruk. Dersom det viste biletet ikkje er det originale biletet, eller er i eit anna format, vil GIMP spørje om skaleringa passar.

Rediger
Innstillingar for redigeringsområdet

Figur 16.296. Redigere eit biletområde

Redigere eit biletområde

Dette dialogvindauget kjem opp automatisk når du markerer eit nytt lenkeområde. Her bestemmer du kva som skal skje når du klikkar i det markerte området.

Vis

Her finn du spesielle innstillingar for biletet:

Områdeliste

Med denne kan du skjule eller opne utvalslista heilt til høgre i vindauget.

Kjelde

Klikk på denne for å sjå korleis tekstfila som filteret lager ser ut.

Farge, gråskala

Her vel du fargemodell for biletvisinga i filteret. Innstillinga har ingen innverknad på originalbiletet.

Områdeform

Her har du dei same vala av markeringsfigurar som du finn i menyen til venstre i vindauget.

Pil

Pilverktøyet blir brukt for å flytte klikkområda på biletet. Klikk på markeringa. Ta tak i dei raude firkantane medan du held nede museknappen og dra dei dit du vil ha dei. Dersom du i staden høgreklikkar, kjem det opp ein meny med ulike funksjonar for å behandla merkinga.

Rektangel, sirkel, polygon

Desse figurane blir brukte for å lage klikkeområda på biletet. Klikk der du ønskjer området, flytt peikaren og klikk igjen. Med polygonet klikkar du ein gong i kvart hjørne og avsluttar med dobbeltklikk. Når du er ferdig med klikkinga, vil dialogvindauget for innstillingane for lenkeområdet opna seg.

Rediger kartinformasjonen

Figur 16.297. Faste data for biletetkartet

Faste data for biletetkartet

I dette dialogvindauget kan du skrive inn ein del data som blir lagt til i utgangsfila. Forfattar og beskriving blir lagt inn som merknader. Biletnamn, tittel og standard-URL blir lagt inn i taggane <img> eller <area> i HTML-kodinga.

Verktøy

Denne menyen inneheld ein del hjelpemidel:

Rutenett og innstillingane

Figur 16.298. Innstillingane for rutenettet

Innstillingane for rutenettet

Her kan du slå av og på rutenettet som blir brukt for å plassera klikkområda nøyaktig. Du kan også bestemme utsjånaden på rutenettet.

Oppretting og bruk av hjelperuter

Det ser ut til at hjelperutene (guides) ikkje er implementerte førebels.

14.2.3.2. Verktøymenyen

Dei fleste oppføringane her er snarvegar for funksjonar som er omtalte tidlegare på denne sida. Unntak:

Flytt fremst, flytt bakover

Desse knappane blir brukte for å flytte innføringane i utvalslista opp og ned. Dersom to lenkeområde overlappar kvarandre, vil det som er øvst på lista vere det som blir aktivisert når du klikkar i området.

14.2.3.3. Arbeidsområdet

Figur 16.299. Område for oppretting og redigering

Område for oppretting og redigering

Til venstre finn du hovudarbeidsområdet der du legg inn dei figurane som skal reagere når du klikkar på dei i det ferdige biletet.

Ved sida av arbeidsområdet finn du noen symbol. Du klikkar på desse for å hente fram ønskt format på lenkeområdet, eller pilknappen for å flytte på område som er lagt inn tidlegare. Du finn også knappar for å redigere eigenskapane for det valde området, eller for å fjerna det. Alle desse funksjonane finn du også i menyen “områdeform”.

[Obs] Obs

For å unngå problem, bør klikkområda helst ikkje overlappe kvarandre.

14.2.3.4. Utvalsområdet

Heilt til høgre finn du ei liste over klikkområda du har laga til. Du kan klikka på ei av desse linjene for å aktivisere utvalet. Det tilsvarande området på biletet blir vald automatisk slik at du eventuelt kan redigera det.

Sjølv om ikona ved sida av utvalsvindauget er nokså sjølvforklarande, kjem det fram ei beskriving når du held musepeikaren over dei.

Pilene for å flytte utvala opp og ned på lista er førebels ikkje aktiverte. Du kan bruke flyttikona på verktøymenyen i staden.