Som namnet seier, blir dette filteret brukt for å gi ei kjensle av fart eller rørsle. Filteret kan brukast for å imitere lineær rørsle, radiell rørsle og zoom-rørsle i biletet. For kvar av desse kan du justere lengde og vinkel. For radiell rørsle og zoom-immitering kan du også bestemme possisjonen for sentrum av sløringa.
Lineær rørsle slører i ei bestemt retning. I denne innstillinga betyr Lengde det same som radius i andre filter, altså mengde av sløring. Stor lengde betyr meir sløring. Glidebrytaren Vinkel bestemmer retninga på sløringa mellom 0° og 360°.
Radial rørsle lagar ei sirkulær sløring som simulerer rotasjon. Glidebrytaren Vinkel bestemmer kor mykje biletet skal roterast. I dei to tekstboksane for X og Y kan du skrive inn koordinata for sentrum for rotasjonen.
Zoom lagar ei sløring som strålar ut frå eit sentrum. Verknaden av sløringa er minimal i midten, men aukar mot ytterkantane av biletet, avhengig av innstillinga for glidebrytaren Vinkel. Filteret imiterer verknaden av å bruke zoomobjektivet aktivt medan du tar biletet. Dess høgare vinkelverdi, dess større fart. I dei to tekstboksane for X og Y kan du skrive inn koordinata for sentrum for rotasjonen.
Lengde: Denne glidebrytaren bestemmer kor langt pikslane blir flytt. Skala 1 - 256.
Vinkel: Verknaden av denne er avhengig av sløringstype. Sjå ovanfor. Skala 0 - 360.
Desse innstillingane bestemmer sentrum for rotasjonen eller forsvinningspunktet for zoominga. Kontrollane verkar ikkje på lineær sløring.
Tips | |
---|---|
Diverre er det ikkje råd å setje koordinata for sentrum ved å klikke på biletet eller førehandsvisinga. Når du fører musepeikaren over biletet, blir koordinata vist nede i venstre hjørne av biletvindauget. Bruk desse for sløringssentrum i dialogen. |