8.8. Mosaikk

8.8.1. Oversyn

Figur 16.123. Eksempel på bruk av filteret “mosaikk

Eksempel på bruk av filteret mosaikk

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret mosaikk

Etter bruk av filteret “mosaikk


Dette filteret deler det aktive laget eller det aktive utvalet opp i mosaikkfliser som blir skilde med fuger. Flisene blir litegrann oppheva for å forsterka mosaikkverknaden.

8.8.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarMosaikk

8.8.3. Innstillingar

Figur 16.124. Innstillingane for filteret “Mosaikk

Innstillingane for filteret Mosaikk

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Innstillingar
Kantutjamning

Dette valet glatter ut kantane på flisene.

Fargegjennomsnitt

Dersom det ikkje er merka av for dette valet, vil originalteikninga vere synleg på flisene. Er det merka av for denne funksjonen, vil kvar flis få gjennomsnittsfargen for området flisa dekker.

Tillat deling av fliser

Gjer at flisene kan delast i fleirfarga område for å gi betre fargeovergangar i bilete med mange detaljar.

Ruglete overflate

Dette valet gir flisene ei ruglete overflate.

FG/BG-belysning

Gjer at flisene blir belyste med forgrunnsfargen i verktøykassa, medan skyggene får farge frå bakgrunnen. Også fugene får bakgrunnsfargen.

Innstillingar
Flisstorleik

Bestemmer relativ storleik på flisoverflatene frå 5,0 til 100,0.

Flishøgde

Bestemmer den tilsynelatande høgda på flisene frå 5,0 til 100,0 pikslar.

Fugebreidde

Dette er avstanden mellom flisene.

Flisordning

Denne glidebrytaren bestemmer frå 0,0 til 1,0 kor einsarta flisene skal vere. Med verdien sett til 1 vil dei fleste flisene ha same form og storleik. Med verdien 0 vil flisene få tilfeldig storleik, og ofte også noe tilfeldig utsjånad.

Lysretning

I utgangspunktet er lyset sett til å kome frå øvre, venstre hjørne (135°). Dette kan du forandre etter behov med denne glidebrytaren.

Fargevariasjon

Kvar flis kan bare ha eit nokså avgrensa fargeområde. Dermed blir også talet på fargar i biletet redusert. Med denne glidebrytaren kan du auke fargemengda i biletet lite grann.

Flisform

Desse vala skulle vere sjølvforklarande, og bestemmer grunnforma for flisene:

  • Kvadrat: Alle flisene er kvadratiske.

  • Sekskanta: Alle flisene har seks kanter.

  • Åttekantar og kvadrat: Lager i hovudsak åttekanta fliser. Der dette ikkje går opp geometrisk, blir dei ledige romma fylt med kvadrat.

  • Trekanta: Lager trekanta fliser.