8.10. Innrulling

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2478 $ 2008-02-10 kost

8.10.1. Oversyn

Figur 16.128. Eksempel på bruk av filteret “innrulling

Eksempel på bruk av filteret innrulling

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret innrulling

Etter bruk av filteret “innrulling


Filteret ruller inn eit hjørne på det aktive laget eller utvalet. Når du trykker OK-knappen blir det opna eit nytt “innrullingslag” i biletet og ein ny alfakanal. Den delen av innrullingslaget som ikkje er med i effekten blir gjennomsiktig slik at det underliggande laget blir synleg der hjørnet er rulla inn.

8.10.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarInnrulling

8.10.3. Innstillingar

Figur 16.129. Innstillingane for filteret “innrulling

Innstillingane for filteret innrulling

Posisjon

Du kan velje kva hjørne som skal ha innrullinga: Øvre, venstre, Øvre, høgre, Nedre, venstre eller Nedre, høgre.

Orientering

Her bestemmer du kva kant innrullinga skal føregå frå, Horisontal eller Vertikal.

Skygge under bretten

Dette er skyggen på innsida av innrullinga.

Baksidefarge

Fargevalet her er for baksida av innrullinga. Du kan velje mellom Forgrunn-/bakgrunnfarge, Gjeldande fargeovergang eller Gjeldande fargeovergang (reversert). Fargane er dei som er viste i verktøykassa.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer dekkevna til innrullinga, altså kor synleg biletet under bretten skal bli. Du kan også bestemme dekkevna i lagdialogen om det passar betre.