Dette programtillegget bytter ut fargane i biletet med fargar frå den aktive paletten vald via
→ .Kvar piksel i teikneområdet (laget, utvalet o.l.) får farge frå paletten ved at filteret reknar ut fargegløden for pikselen og bruker denne verdien for å hente den fargen som har tilsvarande indeksnummer i paletten. Ein svart piksel i biletet vil såleis få den første fargen i paletten, medan ein kvit piksel vil få den siste fargen. Filteret arbeider både på gråskala- og RGB-bilete, med og utan alfakanal.
Figur 15.178. Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang
Den gjeldande paletten med 18 fargar
Til venstre originalbiletet, til høgre etter bruk av “Fargelegg frå palett”.
Fargane på den gjeldande paletten (“Pastels”) er brukte på ein svart til kvit fargeovergang. Den svarte fargen i fargeovergangen blir erstatta med den fargen som har lågaste indeksen i paletten (oransj). Den kvite fargen i fargeovergangen blir erstatta med den fargen som har høgast indeksen i paletten (raud). Dei andre fargane blir spreidde utover i høve til rekkefølgja dei har i paletten.