3.2. Fargekast

3.2.1. Oversyn

Figur 16.20. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Fargekast


Dette filteret legg ein ny, tilfeldig farge i dei pikslane som blir berørte av filteret. Dette gjeld i alle kanalane, også i alfakanalen dersom han finst. Dette er altså verkeleg tilfeldig støy, heilt uavhengig av kva fargar som måtte finnast frå før i biletet. Kor stor del av pikslane som blir råka av denne slumpgeneratoren, blir bestemt av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengde (%).

3.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøyFargekast

3.2.3. Innstillingar

Figur 16.21. Innstillingane for filteret “fargekast

Innstillingane for filteret fargekast

Startfrø

Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vil også resultatet bli eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.

Er det merka av for Slump, blir innskrivinga av frø sperra. I staden blir det generert eit nytt frø kvar gong du køyrer filteret. Er det ikkje kryssa av for dette valet, vil filteret bruke same frøet kvar gong.

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal bli påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar bli forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen. For dette filteret er dette valet lite nyttig i og med at du kan oppnå det same mykje raskare ved å velje eit større tal for Slumpmengde. Grunnen til at dette valet er tatt med, er at det same kontrollpanelet blir brukt for fleire ulike filter.