3.6. Nedsmelting

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2539 $ 2008-06-30 kost

3.6.1. Oversyn

Figur 16.27. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “nedsmelting


Dersom ein piksel skal “smeltast”, er det 80 % sjanse for at han blir bytt ut med pikselen direkte ovanfor. Elles blir ein av pikslane på kvar side brukt i staden. Alle, eller bare ein del av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet blir påverka av filteret, avhengig av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengde (%).

3.6.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøyNedsmelting

3.6.3. Innstillingar

Figur 16.28. Innstillingane for filteret “nedsmelting

Innstillingane for filteret nedsmelting

Startfrø

Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer kor tilfeldig nedsmeltinga skal bli. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for startfrøet, vil også resultatet bli eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn startverdiane for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.

Er det merka av for Slump, blir innskrivinga av frø sperra. I staden blir det generert eit nytt frø kvar gong du køyrer filteret. Er det ikkje kryssa av for dette valet, vil filteret bruke det innskrivne frøet kvar gong.

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal bli påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar bli forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.