Dette filteret forbetrar den visuelle framstillinga av eit bilete tatt under dårlege lystilhøve. Menneskeauget kan sjå fargar nokså korrekt sjølv i lite lys. Digitale kamera er derimot dårlege på dette. Difor er det utvikla ein del matematisk algoritmer som prøver å forbetra resultata frå kamera. Ein av desse er MSRCR (MultiScale Retinex with Color Restoration) som er grunnlaget for dette filteret. “Retinex” står for “retina” (netthinne) + “cortex” ((hjerne)hinne).
Retinex-algoritmen blir i tillegg til å bli brukt på digitale fotografi, også brukt på mange andre område. Frå å gjere informasjonen i astronomiske bilete meir synleg til å forbetra strukturen i røntgenbilete og medisinske skanningar.
Dette filteret er førebels dårleg dokumentert. Medan du ventar på dokumentasjonen, har du eigentleg ikkje anna å gjere enn å prøve deg fram til du finn passande innstillingar. Den følgjande dokumentasjonen kan kanskje vere til litt hjelp.
Utviklaren av dette programtillegget skriv på nettsidene (www-prima.inrialpes.fr/pelisson/MSRCR.php) sine: “ For å karakterisere fargeforandringane og den framherskande belysninga jamnar vi ut intensiteten i dei (gaussiske) filtra ved å setje ulike skalaer. Desse parametra gjer det mogleg å spesifisera verdiar mellom minimum (sigma 2,0) og maksimum (sigma er lik biletstorleiken). ”...
Gjer at område med høg og låg intensitet bllir behandla nokolunde likt.
Til vanleg vil dette valet “lyse opp” område med låg intensitet i biletet.
Ser ut til å “begrave” område med låg intensitet i favør av ei betre utteikning av dei klårare områda i biletet.
Bestemmer djupna på retinexskalaen. Minimumsverdien 16 lagar ein sterk filterverknad. Maksimumverdien er 250. Normalinnstillinga er sett til 240.
Bestemmer kor mange gonger Retinexfilteret skal køyrast. Det blir tilrådd å bruke tre gjennomkøyringar, noe som også er minimum. Med ei eller to gjennomkøyringar mister ein mykje av effekten og ender opp med ei enkel Retinexfiltrering. Blir verdien sett for høgt, ser det ut til å generere støy i biletet.
Sidan MSR-algoritmen har ein tendens til å gjere biletet lysare, kan du justera metninga med denne glidebrytaren. Ein høgare verdi betyr mindre fargemetning. Effekten er svært avhengig av innhaldet i biletet, så her er det bare å prøve seg fram med ulike verdiar.