11.3. Massiv støy

11.3.1. Oversyn

Figur 16.235. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret “Massiv støy


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterSkyerMassiv støy

Dette filteret er ypparleg for å lage teksturar i gråfarge. Det er også svært brukbart for å lage deplasementkart til bruk for filteret dekaler eller i filteret biletpunktkopling. Med turbulens aktivisert, kan resultatet bli svært likt naturlege skyer.

11.3.2. Innstillingar

Figur 16.236. Innstillingane for filteret “Massiv støy

Innstillingane for filteret Massiv støy

Tilfeldig frø

Eit “frø” er det talet filteret bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige tal. Det same frøet vil, dersom tilhøva er dei same, gi same mønsteret. Du kan skrive inn frø direkte, eller du kan trykke Nytt frø for å lage eit nytt, tilfeldig frø.

Dersom det er kryssa av for Slump er det ikkje råd å skrive inn nye frø. I staden blir det generert eit tilfeldig frø kvar gong filteret blir aktivert. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil programmet bruke same frøet som blei brukt sist.

Turbulens

Denne innstillinga kan gi ganske interessante effektar, noe liknande oljefilm på vatn, cellevev, røykskyer eller “Rorschach flekker” (desse flekkane som blir brukte i psykiatrien for å teste folk).

Detaljar

Låge verdiar vil gi få detaljar og eit resultat som kan minne om mjuke skyer. Høge tal vil gi eit hardare bilete, meir som om det skulle vere laga av små partiklar, eller spraymaling.

Flisbar

Dette, litt merkelege ordet betyr bare at dersom funksjonen er avmerka, vil du få ein støy som kan flisleggast. Dette er ofte brukt som bakgrunn i nettsider, og betyr at fleire kopiar av biletet kan leggast side om side utan synlege fuger.

X- og Y-storleik

Her bestemmer du storleik og proporsjonar for støyen i biletet.