11.5. Inverter verdiar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2498 $ 2007-11-18 kost

11.5.1. Oversyn

Figur 15.136. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret


Dette filteret inverterer lysverdiane (luminositeten) til det aktive laget eller det aktive utvalet. Kulør og metning skal ikkje bli berørt av filteret, men på grunn av avrundingsfeil kan det bli fargeforandringar likevel. Ønskjer du å også invertere kulør og metning, kan du bruke menyvalet FargarInverter.

Dersom du bruker filteret meir enn ein gong på biletet, kan kulør og metning bli merkbart forandra, særleg på bilete med høge lysverdiar. For eksempel på eit bilete med den lysegrøne fargen HSV 102°,100 %, 98 %, blir resultatet HSV 96°, 100 %, 2 % etter første bruken av filteret og HSV 96°, 100 %, 98 % når du køyrer filteret ein gong til. Du kan såleis ikkje rekne med at du kan bruke filteret fleire gonger på eit bilete og likevel finne tilbake til biletet du byrja med.

Figur 15.137. Eksempel på to gongers bruk av filteret

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Filteret brukt ein gong

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Filteret brukt to gonger. Biletet er synleg forandra.


11.5.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FagarInverter.