16.3. Legg til ramme

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2446 $ 2008-02-07 kost

16.3.1. Oversyn

Figur 16.364. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Med ramme


Dette filteret legg ei ramme rundt biletet. Du kan bestemme både breidda på ramma og kva farge ho skal ha. Dei fire sidene blir gitt ulike skyggefargar ut frå den fargen du har vald, slik at biletområdet blir utheva.

Ramma blir lagt omkring biletet, utan å teikne over det eksisterande biletet.

16.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterDekorLegg til ramme

16.3.3. Innstillingar

Figur 16.365. Innstillingane for filteret “legg til ramme

Innstillingane for filteret legg til ramme

Breidde

Her bestemmer du kor brei ramma skal vere. Øvre og nedre ramme for seg og høgre og venstre ramme for seg. Den største breidda er 250 pikslar.

Rammefarge

Klikk på denne knappen for å få opp dialogvindauget for å velje hovudfargen for ramma.

Skyggeverknad

Her bestemmer du kor sterk skyggeverknaden skal vere, altså kor mykje lysare eller mørkare dei ulike sidene skal vere i høve til hovudfargen og kvarandre. For kvar av sidene blir det rekna ut ein verdi for kvar av hovudfargane raud, grøn og blå [12] med utgangspunkt i hovudfargen og den verdien du har sett for skyggeendring. Formlane er: [13]

  • Øvre skygge = rammefarge + skyggeverknad

  • Høgre skygge = rammefarge - ½ skyggeverknad

  • Nedre skygge = rammefarge - skyggeverknad

  • Venstre skygge = rammefarge + ½ skyggeverknad

Figur 16.366. Eksempel med ulike verdiar for skyggeverknad

Eksempel med ulike verdiar for skyggeverknad

Filteret “legg til ramme” er køyrd med verdien 25, deretter med 75, 125, 175 og 225.


Eksempel: Hovudfargen er sett til blå (38,31,207), skyggeverknaden er sett til 25. Rammefargane blir då: topp: (38,31,207) + (25,25,25) = (63,56,232), høgre: (38,31,207) + (-13,-13,-13) = (25,18,194) osv.



[12] Sjå bilettypar eller RGB .

[13] Resultatverdiar lågare enn 0 blir sett til 0 og resultatverdiar høgare enn 255 blir sett til 255.