15.18. Neon

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2466 $ 2007-11-12 KoSt

15.18.1. Oversyn

Figur 16.348. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “neon


Dette filteret lager eit neonskiltliknande objekt i alfakanalen for det aktive laget og legg om ønskjeleg til skygge.

Filteret er avleidd frå skriptet “neon” (UtvidLogoneon i verktøykassa) som lagar ein tekst som kan minne om lysreklame:

Filteret bruker to lag for å oppnå neoneffekten:

Figur 16.349. Neoneffekten

Neoneffekten

Biletlaget med “neonrøyr

Neoneffekten

Biletlaget med “neonglød


Laget “Neon Tubes” er det gjeldande laget filteret er kopla til. Innhaldet i laget er ikkje viktig, bare alfakanalen og spesielt forma på denne.

[Advarsel] Advarsel

Biletet vil alltid bli så stort som det aktive laget.

Laget “Neon Glow” nedanfor inneheld gløden i neonlyset.

Dersom det skal leggast til skygge, blir denne lagt inn i eit eige lag nedanfor. Dette laget inneheld ein slagskygge med same form som alfakanalen til det aktive laget. Heilt nedst blir det lagt til eit bakgrunnslag fylt med bakgrunnsfargen.

Oversyn over laga i neonfilteret:

15.18.2. Innstillingar

Figur 16.350. Innstillingane for filteret “neon

Innstillingane for filteret neon

Effektbreidde

Dette er eigentleg skrifthøgda brukt i Script-Fu skriptet neon. Ein del interne verdiar blir bestemt ut frå denne verdien, så som breidda på neonrøyret, skyggeforskyvinga og sløringsradius. Eit godt utgangspunkt kan vere å velje høgda på objektet som verdi her.

Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt for å fylle laget “Background”. Fargen er førehandssett til svart, men du kan velje kva farge du vil med å trykke på fargeknappen.

Glødfarge

Dette er fargen på dei glødande neonrøyra. Farge er sett til neonliknande blå (38,211,255). Også her kan du klikke på fargeknappen for å velje annan farge.

Lag skygge

Er denne merka av, vil det bli laga ein slagskygge med same form som alfakanalen. Bakgrunnsfargen er normalt svart, men dersom su ikkje skal fjerne bakgrunnslaget seinare, bør du vurdere å bruke ein annan bakgrunnsfarge.

Neon” med skygge