Dette valet, som eigentleg er eit Script-Fu-skript, omformar eit eksisterande utval, anten det er rektangulær, elliptisk eller noe anna, til eit utval med avrunda hjørne. Hjørna kan bli bøygde innover (konkav) eller utover (konveks). For å få dette til, blir utvalet om nødvendig først omforma til eit rektangel og deretter blir det lagt til eller trekt ifrå sirklar i kvart hjørne.
Du kan skrive inn radius til det avrunda hjørnet i prosent, anten ved å skrive direkte i tekstboksen eller bruke glidebrytaren. Verdien er i prosent av den som er minst av høgda eller breidda.
Aktiver denne boksen dersom du ønskjer konkave, altså innoverbøygde, hjørne. Elles blir hjørna utoverbøygde, dvs. konvekse.