I tillegg til rutemønsteret kan du i GIMP også bruke hjelpelinjer for å plassere biletelement. Dette er vassrette og loddrette linjer som blilr lagt midlartidig på biletet medan du arbeider med det.
Du hentar fram ei hjelpelinje ganske enkelt ved å klikke på ein av linjalane i biletvindauget og halde nede
medan du drar hjelpelinja til ønskt plass. Hjelpelinja følgjer musepeikaren som ei blå prikkelinje. Når hjelpelinja er oppretta, vil flytteverktøyet bli aktivert og musepeikaren viser flyttesymbolet.Har du behov for å plassere hjelpelinja meir nøyaktig, kan du bruke ein av kommandoane Ny hjelpelinje, Ny hjelpelinje (i %) eller Ny hjelpelinje frå utval.
Du kan lage så mange hjelpelinjer som du ønskjer, og du kan plassera dei kvar som helst i biletet. Du kan også flytte ei hjelpelinje etter at du har laga ho, men då må du anten aktivere flytteverktøyet i hovudverktøykassa eller trykke M-tasten. Held du nede Shift-tasten kan du flytta alt utanom hjelpelinjene. Du fjernar ei hjelpelinje ved å dra ho utføre biletkanten.
Eigenskapane til hjelpelinjene er avhengig av kva Flytt-modus som er sett for flytteverktøyet. Med modus sett til Lag, vil musepeikaren vise ei lita hand når han kjem nær nok ei hjelpelinje. Hjelpelinja blir raud for å vise at ho er aktivert. Du kan nå flytte hjelpelinja eller fjerne ho ved å flytte ho inn til ein av linjalane. Dersom flyttemodus er sett til Utval kan du ikkje flytte hjelpelinja etter at ho er plassert på biletet.
Som med rutenettet, kan du også låse objekt til hjelpelinjene. Bruk
→ i biletmenyen. Har du så mange hjelpelinjer at det blir vanskeleg å finjustera biletet, kan du gøyme hjelpelinjene ved å avmarkera → i biletmenyen. Du bør gjere hjelpelinjene synlege att så snart du kan, elles er det lett å bli forvirra neste gong du prøver å lage ei hjelpelinje og ikkje ser noe i det heile.Dersom du meiner det normalt er enklare å arbeida utan synlege hjelpelinjer, kan du slå dei av permanent ved å avmarkera «Vis hjelpelinjer» i Biletvindauge i hovudmenyen. Kanskje ikkje særleg lurt å gjere dette, men det er altså mogleg.
Du kan fjerne hjelpelinjene med menyvalet
→ → .Notat | |
---|---|
Anna bruk av hjelpelinjer: Programtillegget giljotin kan bruke hjelpelinjene for å dele opp eit bilete i fleire mindre bilete. |