2. Hovudvindauge i GIMP

Figur 3.2. Standardvindauge i GIMP

Standardvindauge i GIMP

Standardvindauge i GIMP


Biletet over syner eit vanleg oppsett for GIMP. Du finn igjen ein del vindauge:

  1. Verktøykassa: Inneheld ein del symbol som du kan trykke på for å velje verktøy. Kan også vise for- og bakgrunnsfargane, pensel, mønsterelement og fargeovergang for det biletet som er aktivt. Bruk RedigerBrukarinnstillingarVerktøykasse for å endre innstillingane her.

  2. Verktøyinnstillingar: Like under verktøykassa er det limt inn eit dialogvindauge som viser aktivt verktøy (i dette tilfellet rektangelutvalet) og ein del knappar for å stilla inn det gjeldande verktøyet.

  3. Eit biletvindauge: Kvart bilete som blir opna i GIMP, blir vist i eit eige vindauge. Kor mange biletvindauge du kan ha opne samstundes, blir bestemt av ytingane til datamaskinen din, ikkje av GIMP. Det er ikkje råd å gjere noe nyttig i GIMP utan at minst eitt biletvindauge er ope. I biletvindauget finn du også menylinja med hovudmenyane (Fil, Rediger, Utval osv). Desse menyane er også tilgjengelege ved å høgreklikka i vindauget.

  4. Samlevindauget Lag, kanalar, banar med lagdialogen open. Legg merke til at i samlevindauga er dei uopna dialogane viste med faner. Den opne dialogen viser lagstrukturen for det aktive biletet. Du kan nå gjere diverse endringar i biletet frå lagdialogen. Rettnok er det råd å gjere noen få ting med eit bilete utan å bruke lagdialogen, men til vahnleg vil dei fleste finne at det er fornuftig å ha lagdialogen tilgjengeleg heile tida.

  5. Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar: Dialogboksen under lag-dialogen syner dialogane for å behandla penslar, mønsterelement og fargeovergangar. Dialogvindauget for penslane er her opna, dei andre markerte med symbol.

Dette forslaget kan du sjå på som eit minimumsoppsett. Det finst eit tital andre dialogar som blir brukte av GIMP til ulike føremål, men som oftast hentar brukaren desse fram når det er behov for dei, og stenger dei att etter bruk. Det vanlegaste er å ha verktøykassa med verktøyinnstillingane, og lagdialogboksen tilgjengelege heile tida. Verktøykassa er så viktig for det aller meste du gjer i GIMP, at dersom du stenger denne, vil du også avslutte GIMP. (Dersom du har ulagra arbeid liggjande, får du spørsmål om du verkeleg vil avslutte). Verktøyinnstillingane er eigentleg eit eige dialogvindauge som på biletet over er limt inn like under verktøykassa. Dett er ganske praktisk i og med at det er vanskeleg å bruke verktøya effektivt utan å sjå korleis dei er innstilte. Lagdialogen vil alltid vere i bruk når du arbeider med lagdelte bilete, det vil i praksis seie omtrent alltid. Det er vel heilt unødvendig å nemne at det også er praktisk å ha biletet framme når du arbeider på det.

[Notat] Notat

Dersom skjermen din etter kvart blir noe rotete, er det heldigvis lett å få fram igjen det tidlegare brukte oppsettet ditt ved å gå inn på biletmenyen VindaugeNyleg lukka samlevindauge. Dette menyvalet er bare tilgjengeleg når det er eit opna bilete i biletvindauget. For å legge til, løyse eller lukke ei fane frå samlevindauget, klikk på fanesymbolet i det øvre, høgre hjørnet og klikk deeretter på Legg til fane, Løys fane eller Slett fane alt etter kva ønskje du har.

I GIMP kan du ikkje legge kontrollar og bilete inn i eit fellesvindauge. Grunnen er at det er vanskeleg å få eit slikt vindauge til fungere perfekt i alle operativsystema GIMP kan brukast på. Dessutan har brukaren betre oversyn ved å bruke fleire vindauge.

Tidlegare versjonar av GIMP (opp til 1.2.5) var visstnok dårlege på dialogar. Avanserte brukarar måtte ofte ha eit halvt dusin dialogvindauge opne samstundes, spreidde utover skjermen og svært vanskelege å halde styr på. Frå og med GIMP 2.0 er dette mykje betre organisert i og med at det gir deg lov til å feste ulike dialogar saman på ein fleksibel måte. (Lag-dialogen på skjermbiletet er faktisk sett saman av fire ulike dialogar, representerte med faner: Lag, kanalar, bane og angre). Det kan ta litt tid å lære dette systemet, men når du først har lært det, håper vi at du vil like det.

Dei neste avsnitta vil føre deg gjennom dei ulike komponentane i kvart av vindauga viste på skjermbiletet, og forklare korleis dei kan brukast. Når du har lese gjennom dette, pluss avsnittet som forklarer dei grunnleggjande strukturane for eit GIMP-bilete, bør du ha lært nok til å kunne bruke GIMP til det meste du måtta ha bruk for innan biletbehandling. Deretter kan du kikke gjennom resten av handboka ein dag du finn tid til det, eller du står fast på eit problem. Du vil truleg bli overraska over dei nærast utallege subtile og spesialiserte måtane du kan bruke GIMP på. Ha det morosamt!

2.1. Verktøykassa

Figur 3.3. Verktøykassa

Verktøykassa

Alt i GIMP er bygd opp omkring verktøykassa. Lukkar du denne, lukkar du difor også GIMP. Her er ein rask gjennomgang av kva du kan finne i verktøykassa.

[Tips] Tips

I verktøykassa, som i det meste av GIMP elles, kan du la musepeikaren kvile ei lita stund over eitt eller anna, og det vil til vanleg dukke opp ei lita melding som fortel kva dette er og kva det kan brukast til. I mange tilfelle kan du også trykke F1-tasten for å få meir hjelp om det som er under musepeikaren.

  1. Verktøysymbola: Desse symbola er knappar som du kan trykke på for å aktivere verktøya for dei ulike føremåla. Dette kan vere for å velje ut deler av biletet, teikne på biletet, omforme bileta osv. Du finn meir om dette i Del 1, «Verktøykassa». Her finn også eit oversyn over korleis du kan arbeide med verktøya. Dei einskilde verktøya er nærare omtala i kapitlet om verktøya.

  2. Forgrunns-/bakgrunns-fargar: Fargerutene her syner gjeldande forgrunnsfarge (strekfarge) og bakgrunnsfarge. Klikkar du på ei av fargerutene, dukkar det opp ein fargeveljar som gir deg høve til å endre fargen som er i bruk. Klikk på den doble pila og dei to fargane bytter plass. Klikk på symbolet i nedre, venstre hjørnet for å setje fargane til svart og kvit.

  3. Pensel/Mønsterelement/Fargeovergangar Symbola her viser gjeldande val for desse. Penselen blir brukt av alle verktøya som du kan male på biletet med. («Maling» i dette tilfellet inkluderer også visking og å gjere biletet meir utydeleg). Mønsterelementet blir brukt for å fylle utvalde område på biletet. Fargeovergangen blir brukt kvar gong eit verktøy har behov for gradvise overgangar mellom farger eller fargenyansar. Klikk på kvart av symbola for å få opp dialogvindauget som gir deg høve til å endra innstillingane.

  4. Aktivt bilete: I GIMP kan du arbeide med mange bilete samstundes, men bare eitt av dei er til ei kvar tid aktivt. Her finn du ein miniatyr av det aktive biletet. Klikkar du på miniatyren, kjem det opp ei liste over alle dei opne bileta slik at du kan velje kva bilete du vil arbeide med. Du kan oppnå det same ved å klikka direkte på det vindauget du ønskjer å arbeide på.

    [Notat] Notat

    Dersom det aktive vindauget ikkje er synleg, kan du henta det fram med menyen brukarinnstillingar.

[Notat] Notat

GIMP startar alltid opp med dei same verktøya aktive. Dersom du heller vil starte opp med dei verktøya du brukte sist økt, kan du opna menyen brukarinnstillingane i hovudmenyens Lagra innstillingar for inndataeiningar ved avslutning i brukarinnstillingane/Inneiningar.

[Tips] Tips

Du kan ta bort «Wilber's eyes» frå verktøykassa (slik at ho liknar meir på den gamle verktøykassa) ved å legge til denne linja i gimprc-fila: (toolbox-wilber no). Dette vil bare påverka verktøykassa. Auga i biletvindauget er likevel bare synleg når det ikkje er noe bilete der.

[Tips] Tips

Dra eit bilete og slepp det i verktøyvindauget for å opna biletet i eit eige vindauge. Dersom du slepp biletet i eit eksisterande biletvindauge, vil biletet bli lagt til i dette som eit nytt lag.