2. Å bruke Script-Fu

2.1. Script-Fu?

Script-Fu er noe av det same som Windows sine «makroar», men mykje kraftigare. Script-Fu er basert på programmeringsspråket «Scheme» og arbeider ved å nytte spørjefunksjonar mot GIMP sin database. Du kan eigentleg gjere ganske mykje med Script-Fu, men den vanlege bruken er vel å automatisere ulike oppgåver som for eksempel slike som

  • du gjer ofte

  • er kompliserte å gjere og vanskelege å hugsa

Skripta som følgjer med GIMP er nyttige på fleire måtar. Ikkje bare kan dei nyttast direkte slik dei er tenkt, men du kan også bruke dei som mønster for å lære Script-Fu, eller i det minste som grunnlag og kjelde for eigenproduserte skript. Les vidare om dette i neste kapittel.

I dette kapitlet skal vi sjå på noen av dei mest nyttige skripta, men det er alt for mange skript til at vi kan nå over alle. Enkelte av skripta er i tillegg så enkle at du ikkje treng noe oppskrift på bruken av dei.

Script-Fu, som altså er ein dialekt av Scheme, er ikkje det einaste programmeringsspråket som er tilgjengeleg i GIMP. Men det er det einaste som blir lagt inn i GIMP ved installeringa. Andre brukbare språk er Perl og Tcl. Begge desse kan du laste ned frå GIMP Plugin Registry [GIMP-REGISTRY].